Kvifor skal biene ha monopol på alle dei finaste blomane?

- Me vil gjera deg glad!

Blomen hage & landskap tek på seg oppdrag innan planlegging, teikning og rådgjeving av hagar og utomhusanlegg til private og offentlege.

Hageplan?

Ein hageplan er sjølvsagt ein plan eller rettare ein teikning over hagen din. Gjerne ein hage du aldri har hatt, men som du har ønska deg lenge.
Spanande!

I planen legg vi vekt på samspelet mellom huset i hagen, menneskjene som bor der og dei djupaste kjenslene innerst inne i dei. Den viser deg små rom, store flater, linjer, struktur, betong, treverk, gjerder, fargar, kor buskar og hekk skal stå, tre sin størrelse og fargen på blomane.
Dei små kunstverka og dei store undera på same ark!

Planteplan?

Ein planteplan er rett og slett ein plan over planter, tre, buskar og hekk…
kor dei skal stå i jorda og kor mange dei skal være.

Frå den ytterste nabbe mot ver og vind, til den lunaste hola vendt mot sola, kikkar dei fram og gjev deg glede - medan dei sprett og gror.

Skjøtselsplan?

Ja kva i hulaste kan det være?
Vanskeleg ord er det utvilsomt – godt vi ikkje skal omsetja til engelsk. Well, ein skjøtselsplan fortel deg korleis du skal halde ved like hage og uteområde.

Ofte er det større parkar, anlegg og områder for verksemder eller offentlege etatar som brukar skjøtselsplanar. Om du som hageeigar ynskjer råd på korleis du kan halde hagen din tipp topp, finns det alltid ei råd med å lage oversikt over kva du skal gjere til ein kvar tid.

Idédugnad?

Dei som diggar engelsk kallar dette for brainstorming. Vi er meir på nynorsken og kan gjerne smatta på ordet idémyldring eller noko sånn.

Idédugnaden er eigentleg ein tulle- og tøyseøkt – kor vi saman skal leike med draumane dine og dei hemningslause innfalla som dukkar opp undervegs. Vi rablar på ark - vakre former og himmelske fargar - og syr ideane  samen til ein komposisjon. Om det regnar, finn vi ei marikåpe å gøyme oss under.

Blomen tek vare på alvoret i faget, men idedugnad er først og fremst kreativ leik og moro, ultrapositivt samspel og ein viktig føresetnad for det videre arbeidet.

Anbod?

Ordet luktar seriøst, men det er eigentleg berre eit ark som beskriv kva oppdrag du vil ha utført av anleggsgartnar og entreprenør.

Skrivet er fagleg forankra og utforma med dei ulike krav som stilles. Når du har eit ferdig anbudsdokument, vil du kunne henta inn tilbod frå ulike leverandører, som er tufta over same lest. Trygt og godt!

Utomhusplan?

Dette er ein omfattande plan, med mange kravspesifikasjonar. Den blir utarbeida for utbyggarar, arkitektar og konsulentselskap. Utomhusplan har krav opp mot kommunen det skal byggjast i.

Copyright © 2017 - blomenhage.no  |  Blomen hage & landskap AS, Galtaveien 147, 4150 Rennesøy.  |  Telefon: 415 06 578   |   E-post: post@blomenhage.no

Go to TOP