Frukost må me ha - kvar dag. Best er det å nyte den utandørs når vårsevja stig og sommaren er i kjømda. Familie og vener skal få plass, og det behovet fekk forrangen framfor eit tradisjonelt rekkverk/gjerde.
Då denne eigaren har ein travel vår- og sommarsesong, fokuserte me på minst mogleg arbeid, best mogleg utnytting og varig kvalitet. Ein særs «krevjande kunde» då dette er frukostplassen til Blomen-dama sjølv.
Her har me brukt materialar av kjerneved frå furu. Detaljane teikna me sjølve, og nettverk av gode handtverkarar til sveising og galvanisering vart kontakta.
Frå ide til gjennomføring er vårt motto!